Vestre Slidre kommune har ledig 100% vikariat som reinhaldar ved kommunale bygg og i heimetenesten f.o.m. 01.08.26 t.o.m 31.03.28. Det er og behov for tilkallingsvikarar.
Vi gjer merksam på at ved intern tilsetting kan andre stillingsbrøkar bli å tilby søkjarane jf. HTA kap. 1 § 2.3.1
Vidar Jernæs Strand, Dirftsleiar vaktmester og reinhald, 99457827
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5144476479
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 01.03.2028
Søknadsfrist: 01.07.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no