Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Klinisk ernæringsfysiolog til forskingsprosjekt
Seksjon for klinisk ernæring, Haukeland universitetssjukehus søker engasjert og forskingsinteressert klinisk ernæringsfysiolog til arbeid med forskingsprosjektet "Persontilpassa ernæringsbehandling til eldre pasientar med kreft" (NutriCa65).
NutriCa65 er eit Europeisk tverrfagleg multisenter forskingsprosjekt som skal utvikle og evaluere persontilpassa ernæringsbehandling og undersøke korleis ernæringsbehandling påverkar livskvalitet for eldre pasientar med kreft. Prosjektet er eit samarbeid mellom kliniske og akademiske miljø og har som mål å styrke kunnskapsgrunnlaget for ernæringsbehandling i kreftomsorga.
Seksjon for klinisk ernæring har 17 stillingsheimlar for kliniske ernæringsfysiologar og tilbyr ernæringsbehandling til både innelagde og polikliniske pasientar. I tillegg til pasientbehandling har seksjonen fokus på forsking, fagutvikling, undervising og innovasjon.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønsker å kombinere klinisk ernæringsarbeid med forsking og fagutvikling, og som vil bidra til å utvikle framtidas ernæringsbehandling for eldre pasientar med kreft.
Arbeidsoppgåver knytt til forskingsprosjektet:
Vi ser etter deg som:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5201907176
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.