Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad. Tenesta har kontorstad på Leirvik, Stord. Stord kommune er formell tilsetjingsstad. Tenesta er eit interkommunalt samarbeid etter Kommunelova § 28b, Kommunane sitt totale innbyggjartal er omlag 34 000. Tenesta forvalter alle oppgåver og område innan Lov om barnevernteneste i våre tre kommunar. SIB er organisert med fire arbeidslag fordelt på to avdelingar. Avdeling undersøking og hjelpetiltak og avdeling omsorg og tiltakslaget.
Det kan vera aktuelt med ytterlegare tilsetjingar på denne utlysinga.
Saksbehandling etter lov om barnevern.
Representere kommunen i rettsinstansar.
Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt.
Det må påreknast noko reiseverksemd og ettermiddag-/ kveldsarbeid.
Barnevernspedagog eller sosionom. Erfaring frå barnevern eller tilsvarande arbeid.
Søkjarar med anna relevant høgskule/universitetsudanning med yrkeserfaring frå barnevern og /eller tilsvarande arbeid kan bli vurdert.
Det er ynskjeleg at du har relevant vidareutdanning
Har erfaring med barn og unge og arbeid frå barnevernteneste, og har god evne til kontaktetablering i møte med barn, unge og deira nettverk
Kan jobba målretta og ha evne til å strukturere eigen kvardag, samt ta sjølvstendige avgjerdsle
Har evne til å handtera høgt arbeidstempo og stå i relasjonar over tid
Er initiativrik, løysingsorientert, har gode samarbeidsevne, engasjement og syner god fagleg forståing
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og noko økonomiforståing
Har kunnskap om aktuelt lovverk.
Er datakunnig og har interesse for system- og kvalitetssikring i dataverktøy.
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Sertifikat klasse B vert krevd.
Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Eit fagområde i kontinuerleg utvikling der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø.
Godt arbeidsmiljø.
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.