Er du ein engasjert og kreativ person som ønskjer å arbeide med menneske som har eller har hatt utfordringar innan psykisk helse? Likar du å skape aktivitet, bygge relasjoner og bidra til meistring i kvardagen? Då vil me gjerne ha deg med på laget på Hamna!
Hamna kontakt- og meistringssenter er ein del av Tenester til heimebuande i Stord kommune. Hamna er ein sosial og aktiv møteplass der brukarane får moglegheit til å delta i meiningsfulle aktivitetar, utvikle ferdigheiter og bygge relasjonar til andre.
Arbeidsoppgåver
Planleggje og gjennomføre kreative og sosiale aktivitetar saman med brukarane
Bidra til å skape ein trygg og inkluderande møteplass
Bygge gode relasjonar og skape tillit til brukarane
Støtte den enkelte i å oppleve meistring i kvardagen
Vere fleksibel i møte med ulike behov og bidra der det trengst
Samarbeide med kollegaer og andre tenester
Delta i utvikling av tilbodet ved Hamna
Kvalifikasjonar
Relevant erfaring frå arbeid med menneske
Erfaring innan psykisk helse er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Det er ikkje krav om høgskuleutdanning -- personlege eigenskapar og motivasjon vert vektlagt.
Me ser etter deg som
Har gode evner til å bygge relasjonar og skape tillit
Er kreativ og likar å setje i gang aktivitetar
Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag
Har evne til å møte menneske med respekt, openheit og engasjement
Tek initiativ og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Er løysingsorientert og tilpassar deg ulike situasjonar
Me tilbyr
Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Moglegheit til å påverke og utvikle aktivitetstilbodet
God opplæring og oppfølging
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.