Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med.
Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.
Som kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane.
Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår.
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane.
Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt.
I tillegg er ein fordel om du kan vise til:
Som person vil vi at du
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
Andre opplysningar:
Ørjan Kvandal, konst.gruppeleiar Operatør og drift, 47647266
Kjetil Kristiansen, konst.leiar avdeling Operasjon, 93655208
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5196131637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss