Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid med Familiehjelpa i Kinn samt fagleg vere organisert i musikkterapiteamet i kommunen, Lev vel.
Stillinga er knytt til ei særskild satsing på lågterskeltilbod til barn og unge. Det er to andre musikkterapeutar i kommunen, så det kan vere at arbeidsoppgåvene vil variere litt, som og kan omfatte arbeid med vaksne.
Som musikkterapeut i Kinn får ein eit større fagmiljø for musikkterapeutar og faget er godt implementert i dei kommunale tenestene. Her får du utvikle deg og vere med på å forme og vidareutvikle arbeidet. Stillinga er retta til barn og unge med mål om å tilby tidleg og tilgjengeleg helsehjelp, førebygge alvorlege psykiske lidingar, redusere behov for særskilde og spesialiserte tenester og sikre samtidige og heilskaplege tiltak rundt barnet / ungdommen. Tiltaka vil vere individuell musikkterapi, musikkterapi i gruppe og større opne arena-arrangement. Ein vil jobbe tett i lag med andre fagpersonar i helse og oppvekst generelt. Musikkterapien skal sjåast heilskapleg og vere godt forankra inn mot barnet / ungdommen og alle tilboda ein har elles til målgruppa.
Fullført 5-årig masterutdanning i musikkterapi
Gry Hammerseth Ommedal, Leiar Familiehjelpa Kinn, 46849557
Jorunn Bakke Nydal, Fagleiar musikkterapeut, 91344734
Strandgata 30
6905 Florø
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5148776853
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 06.07.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.