Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein IT konsulent som vil styrke arbeidet med å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord.
På avdelinga vår Server og applikasjon, driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Som IT konsulent vil du ha ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan skyteknologi, sikkerheit og programvare. Stillinga vil mellom anna innebære vidareutvikling og vedlikehald av fagsystem, oppsett og drift av serverar, overvaking av kritiske tenester samt deltaking i prosjekt. For å lykkast i jobben er det viktig at du trivst med å ta tak i tekniske utfordringar og finne gode IT-løysingar for kommunane våre.
Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid.
Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Vi søkjer etter deg som har lang erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
God opplæring og jamlege fagøkter
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet
Willy Nordpoll, Assisterande dagleg leiar, +47 975 19 520, willy.nordpoll@iktnordfjord.no
Anne Ruth Botn Bjørlo, Konstituert dagleg leiar, +47 918 09 077, anne.ruth.botn@stad.kommune.no
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5116394990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.