Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Er du lege og ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med fleksibilitet, faglege utfordringar og god balanse mellom jobb og fritid?
Vi har ledig ei fast legestilling (50 %) og søkjer ein lege med interesse for og motivasjon innan habiliteringsfeltet, som ønskjer å arbeide med vaksne pasientar med samansette behov i eit tverrfagleg miljø.
Hos oss i Habilitering vaksne (HAVO) blir du ein del av eit kompetent og engasjert tverrfagleg team som arbeider for å gi eit heilskapleg tilbod til vaksne med utviklingshemming og andre medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver, fleksitidsordning og eit inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidstida er på dagtid i vekedagane, og tenesta har både poliklinisk og ambulant verksemd.
HAVO har 10 fagstillingar samansett av lege, psykologspesialist, spesialfysioterapeut, spesialergoterapeut og fagkonsulentar (vernepleiarar, pedagog, sosionom og barnevernspedagog). Utfordringane til pasientane er ofte komplekse og krev tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Mange i målgruppa møter ulike utfordringar i overgangar gjennom livsløpet. Vanlege tilleggsvanskar kan vere utfordrande åtferd, motoriske vanskar, epilepsi, syndrom og psykiske vanskar.
Habiliteringsavdelinga er organisert under Medisinsk klinikk saman med mellom anna nevrologi, indremedisin og pediatri. Avdelinga består av Habilitering vaksne (HAVO), Habilitering barn og unge (HABU) og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Vi er for tida lokaliserte på Raglamyr, men avdelinga flyttar til sjukehuset våren 2027.
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. helsepersonellova § 20 a.
Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din. Oppstart etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, +47 52732940, kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no
Marian Yrke, Funksjonsleder HAVO, marian.yrke@helse-fonna.no
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5181182052
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.