Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale.
Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Barna sitt beste står i sentrum for vårt arbeid, men for å få det til treng vi deg.
Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.
Du har nokre av desse eigenskapane:
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.
Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06, oyvind.dypveit@stad.kommune.no
Golvsengane 1
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5197888218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!