Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Giske kommune søkjer ein trygg, omsorgsfull og engasjert privat avlastar for eit barn.
Vil du vere ein trygg vaksen og gjere ein forskjell for eit barn - og samtidig vere ei viktig støtte for ein familie? Då kan du vere den vi søkjer!
Vi har behov for ein privat avlastar til eit konkret barn. Oppdraget passar for deg som ønskjer eit meiningsfullt og føreseieleg oppdrag, og som kan vere ein trygg og stabil
vaksen over tid. Avlastinga skjer i din eigen heim. Målet er å gi barnet gode opplevingar og tryggleik, samtidig som familien får nødvendig avlasting.
Omfanget på oppdraget er ei helg per månad (fredag til søndag), eventuelt også ein ettermiddag per veke på sikt.
Du må ha gode munnlege norskkunnskapar. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Vi ser etter deg som
Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vite meir om oppdraget!
Merethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5192425474
Stillingsprosent: 25%
Anna
Søknadsfrist: 13.11.2026