Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Sauda vidaregåande skule har ledig inntil 40 % fast stilling som miljøarbeidar ved tilrettelagt avdeling frå 01.02.2027.
Me søkjer etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til det eksisterande gode faglege samarbeidet i teamet, og som vil medverke til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåvene vil omfatte:
Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.
Me søkjer ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og leggje til rette for gode læringsprosessar for elevane. Kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Rogaland fylkeskommune står overfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom vår visjon «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»vil vi forplikte oss til å vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt vi gjer, og ho gjenspeglar vårt mål om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar: to i Sauda og ein i Suldal. Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eitt av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland.
Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Me søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod.
Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.