Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig følgjande vikariat som miljøterapeut:
Å jobbe nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadesvering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som jobbar natt er ikkje berre til stade når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.
I noverande turnus har vi tre tilsette på dagtid, fire tilsette på kveld og to vakne nattevakter.
Vikariatet er ledig pr no, og strekker seg ut 2027 - med moglegheit for forlenging, inntil tre år.
Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Meltunet tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.
Heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter https://www.bufdir.no/barnevern/finn institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/
Stilling som miljøterapeut inneber ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team saman med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møte som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda til å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsamansetninga oppmodast menn til å søkje.
Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ta vare på ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal møte ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid som byggjer på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg.
Vi legg vekt på å gje ungdomane ferdigheiter som kan bidra til positive endringar i livet deira. Vi ynskjer å hjelpe ungdomane med å etablere og ta vare på gode relasjonar, regulere tankar og kjensler på ein måte som styrkjer sjølvkjensla, og å ta gode val for seg sjølve.
Hjå oss arbeidar ein for å motivera og engasjera ungdom i endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid både for oss sjølv som tilsette og i arbeidet med ungdomane. Vi samarbeidar tett med ungdomen, foreldra deira, nettverket, kommunane, skulane og helsetenestene (BUP).
Vi søker deg som:
Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Dessutan kan vi tilby:
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik.
Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet, må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber også om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilete av kontrollbiletet på det digitale førarkortet eller skjermbiletet av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.