Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det no ledig ei 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, og langvakter på inntil 12,5 timer kvar 4. helg. Som følgje av interne omrokkeringar og endringar i bemanningsbehovet kan det bli aktuelt å tilsetje fleire kandidatar gjennom same utlysing. Eventuelle ytterlegare stillingar kan ha ein stillingsstorleik på mellom 83 og 100 % og vere knytte til avdeling Nygardsvegen eller Klatrevegen.
Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!
Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Ungdomane er plassert etter barnevernsloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.
Hovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og forståelsemodellar.
Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spanande og variert arbeidskvardag:
Instistusjonen har særskilte ansvarsområde som dekker skule, helse, familie, nettverk, tryggleik og sikkerheit. Dette er ansvarsområde som kan verte tillagt stillinga.
På Sunnmørsheimen ser vi etter nye kollegaer med eit stort hjarte for ungdomane våre, ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande.
Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsettast.
I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løpande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ei personalgruppe med eit høgt engasjement.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.