Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 75% stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå 01.03.2027. Stillinga er knytt til avdeling Storhornet ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har og eit ledig vikariat i 47% natt.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Elin Karin Hopland, nestleiar/avdelingsleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535
Valderøya
6050 VALDERØYA
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5200598867
Stillingsprosent: 75,12%
Vikar
Søknadsfrist: 17.11.2026
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.