Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi har ledig fast 100 % dagstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 11.01.2027.
Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri.
I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
Valderøya
6050 VALDERØYA
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5200838437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.