Kirurgisk og medisinsk poliklinikk driv aktivt med forbetringsarbeid og er ei avdeling som har fokus på å ta i bruk digitale løysingar. Vi vann Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025. Vi ser etter deg som bidrar positivt til arbeidsmiljøet og som er oppteken av fag og god pasientbehandling.
Stillinga inneber arbeid kvar 4. helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.
Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anita Narheim, Funksjonsleiar, 97527319, anita.narheim@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750 ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5160520357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.