Ved RFT Sogn og Fjordane har vi ledig ei fast stilling som RFT- terapeut i 100% stilling.
Vi søkjer no etter ein terapeut i 100% stilling til teamet vårt for relasjonsfokusert familieterapi (RFT-teamet) i Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har arbeidsstad i Sogn-regionen.
Hos oss får du høve til å fordjupe deg i behandlingsmodellen Relasjonsfokusert familieterapi (RFT), som byggjer på forskingsbasert familiebehandling for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Behandlingsmodellen krev høg klinisk kompetanse og kombinerer tydelege faglege rammer med fleksibilitet til å tilpasse behandlinga til den enkelte familien.
RFT-teamet får fagleg opplæring og støtte frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Det finst fem andre RFT-team i Noreg, og alle deltek i kontinuerleg kompetanseutvikling knytt til RFT-metoden.
RFT er framleis under vidareutvikling. NUBU vil difor i tida framover forske på og evaluere kva faktorar som har størst betydning for resultata i metoden. For nærare informasjon om behandlingstilnærminga, sjå Relasjonsfokusert familieterapi (RFT) – NUBU.
RFT-teamet består av fem terapeutar, inkludert teamleiar med fagleg og administrativt ansvar. Teamet arbeider tett saman om å planleggje og kvalitetssikre oppfølginga familiane får. Samstundes arbeider terapeutane sjølvstendig med familiane og har stor grad av fleksibilitet til å organisere det kliniske arbeidet i kvar enkelt sak.
Møta blir som regel gjennomførte i heimane til familiane, og stillinga inneber difor ein del reising og bilkøyring. Som terapeut i RFT-teamet vil du i stor grad planleggje arbeidsveka di sjølv, gjennom koordinering og samarbeid med familiar og aktuelle samarbeidspartnarar.
Du får fast vekentleg rettleiing saman med teamet og rettleiar. Rettleiinga skal bidra til å sikre at behandlinga blir gjennomført i tråd med den kliniske modellen. Stillinga gir ei unik moglegheit for grundig opplæring i ein forskingsbasert og integrert familieterapeutisk behandlingsmodell.
Løn - stillingskode:
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilete av kontrollbiletet i det digitale førarkortet eller skjermbilete som viser førarkortstatus frå vegvesen.no.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.