Fritidsklubben i Klepp står framfor ein spennande utviklingsfase. Me flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus, etablerar juniorklubb for elevar på 5.–7. trinn og vidareutviklar fritidsklubben som ein viktig del av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn og unge.
Me søkjer ein engasjert miljøterapeut i om lag 35 % fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for barn og unge.
Stillinga omfattar to kveldar i veka og to helger i løpet av eit skuleår. Storleiken på stillinga er rekna ut etter 40 ukers arbeidsår, og kan diskuterast dersom søkjarar ønskjer fleire kveldar eller arbeid på dagtid i feriar.
Stillinga inneber hovudsakleg arbeid to kveldar per veke. Det må også reknast med arbeid to helger i løpet av året i samband med aktivitetar og arrangement.
Stillinga kan kombinerast med studium eller anna deltidsstilling.
I fritidsklubben er relasjonar vårt viktigaste arbeidsverktøy. Me søkjer derfor ikkje først og fremst aktivitetsleiarar, men trygge vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge. Hos oss får du vere med på å utvikla ein ny fritidsklubb som skal vera hjarta i ungdomsarbeidet i Klepp kommune.
Cato Wallin, Avdelingsleder, +47 93482437
Bedriftsvegen
4353 Klepp Stasjon
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5192360926
Stillingsprosent: 35%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.