Som lærling i Ål kommune får du gode moglegheiter for fast jobb etter enda læretid. Du får ein dyktig rettleiar som følgjer deg opp gjennom lærlingløpet ditt på to år, og du tener pengar allereie medan du tek utdanning. Du vil følgje utdanningsløp som er sett opp av fylkeskommunen, og bli følgd opp av OK Viken, som er opplæringskontoret for offentleg sektor i Buskerud.
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du planleggje og gjennomføre pedagogiske opplegg for barn og unge i alderen 0–18 år. Du vil jobbe med barn og unge både enkeltvis og i små og større grupper, og du skal kunne tilpasse opplegga etter ulike aldersgrupper, funksjonsnivå og livssituasjonar. Utdanninga kvalifiserer mellom anna til arbeid i barnehage, grunnskule, skulefritidsordning (SFO) og vidaregåande skule.
For meir informasjon, ta kontakt med Sissel Skrindo.
Ein helsefagarbeidar utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for dei som treng bistand. Viss du er glad i menneske og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til andre, har du moglegheit til det gjennom eit fagbrev i helsearbeidarfaget.
For meir informasjon, ta kontakt med Borghild Moen.
Kvalifikasjonar
I tillegg tek Ål kommune inn lærlingar med full opplæring i bedrift i helsefag. Det vil seie at:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Ordinær frist var 1. mars. Dersom du ønskjer å søkje etter 1. mars, kan du sende søknad direkte til Ål kommune.
Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema:
Søk herÅl kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!