Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset.
Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.
Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Ragnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, 45038801, Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5189060523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026