Alver barnevernteneste søkjer familieveileder, og har ledig vikariat frem til 31.07.27. Vikarbehovet kan bli forlenga.
Veiledningsteamet vil inngå i tenesta si Barne – og familieavdeling – som består av Veilederteam og Miljøteam. Avdelinga har to operative avdelingsleiarar. Avdelinga skal samhandle og samarbeide om oppgåver og det er forventa at avdelinga utviklar saman og er framtidsretta.
Teamet har fem 100% stillingar. Teamet får tilvist saker frå barneverntenesta, og arbeider såleis med identifiserte utfordringar hjå born og foreldre. I dette arbeidet søkjer ein å nytta kunnskapsbaserte metodar.
Arbeidsoppgåvene til familieveilederne er hovudsakeleg knytt til veiledning av foreldre og born/ungdom som har behov for oppfølging av barneverntenesta der endring av omsorgssituasjonen er målet. Ein veileder også foreldre som har barn under omsorg hjå barnevernet og fosterforeldre. Stundom veileder ein og foreldre som har ungdom med åtferd som krev barnevernstiltak.
Då avdelinga utgjer ein del av barneverntenesta som eit heile, er der og andre oppgåver t.d. knytt til observasjonar av samspel, vurdering av born sine omsorgsbehov og foreldre sine omsorgsferdigheiter.
God skriftleg – og munnleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Personleg høve vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga
Det må påreknas noko arbeid på ettermiddag og kveld, men hovudsakleg arbeidstid i kjernetida.
Du må ha førarkort kl B.
Det er krav om godkjend polititattest etter barnevernlova ved tiltrede.
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfaglege, samt i alt fem avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, familierettleiing og fosterheim. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids – og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består av i overkant 50 tilsette.
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.
Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.