Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot.
Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar.
Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.
Ønskjeleg kompetanse
Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.
Nordhordland brann og redning (NHBR) er eit felles brannvesen for 5 kommunar i Nordhordland. NHBR er organisert med tre avdelingar. Det er avdeling for feiing og bustadtilsyn, operativ avdeling og førebyggande avdeling. Førebyggjande avdeling har ansvar for 7 kommunar og heiter Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB).Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Gulen, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje, Solund og Alver, der Alver er vertskommune for avdelinga. Avdelinga har 5 tilsette som dekkjer kommunane i samarbeidet.