Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 61 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omgjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå dags dato.
Eining Bu- og Rehabiliteringstenestene yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar som inkluderar mellom anna fleire bufelleskap, dagsenter, avlastingstenester og støttekontakt.
Personleg egnaheit vert vektlagt
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Eva Eline Nygaard Tandstad, Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 94156291, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Vinjevoll Schei, Einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Haugneset 20
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5181269263
Stillingsprosent: 61%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.