Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt?
Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟
På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp».
BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane.
Kvifor velje oss?
💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø
💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt
💙 Moglegheiter for fagleg utvikling
Bli med på laget vårt!
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Nina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5192908182
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!