Alver kommune
Alver kommune søker driftskoordinator i 100% fast stilling ved nyoppretta legesenter Knarvik i Isdalstø. Fast, heltid. Krav: 4+ års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Alver kommune
Då kan dette vere den rette stillinga for deg.
Vi søkjer ein strukturert, engasjert og erfaren helsesekretær til funksjonen som driftskoordinator ved nyoppretta legesenter i Knarvik i Alver.
Hos oss får du kombinere ordinære helsesekretær oppgåver med koordinering av den daglege drifta. Du får vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter og får høve til å påverke og forme både tenestene, arbeidsmåtane og kulturen frå starten av.
Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret. Det er og god buss- og båt forbindelse til Bergen Sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret tilsett vi helsesekretær, sjukepleier og driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester slik at pasientane kjenner seg velkomne og vert møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Ledige legeheimlar vert kunngjort innan kort tid.
Vi søkjer ein strukturert og engasjert helsesekretær med funksjon som driftskoordinator. Stillinga er fast i 100 %, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30.
Driftskoordinatorfunksjonen utgjer om lag 30 prosent av stillinga. Resten av arbeidstida inngår du i den ordinære drifta som helsesekretær. Funksjonen inneber ikkje formelt leiaransvar eller leiarmynde, men omfattar koordinerande oppgåver som er delegerte av einingsleiinga.
Vi ser for oss oppstart av legesenteret våren 2027, truleg i april. For driftskoordinator kan det bli aktuelt med tidlegare oppstart for å bidra i etableringsarbeidet. Nærmare tidspunkt blir avtalt med den som blir tilsett. Intervju planlegg vi å gjennomføre før jul.
Som driftskoordinator får du ei nøkkelrolle i oppbyggingsfasen. Du skal bidra til god flyt, kvalitet og samhandling, og vere med på å etablere rutinar, arbeidsformer og struktur før og etter at legesenteret opnar.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du både møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og følgje opp koordinerande oppgåver som skal få drifta til å fungere godt.
Du rapporterer til assisterande einingsleiar eller einingsleiar, som har personalansvaret for dei tilsette.
Du har yrkesstoltheit og ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg, og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte.
Du blir motivert av å byggje opp og skape struktur i ei teneste som er under etablering. Du kan ta initiativ og drive oppgåver og prosessar framover, samtidig som du involverer kollegaer og avklarar ansvar med einingsleiinga. Du toler at ikkje alt er ferdig definert, og kan omsetje behov og utfordringar til praktiske rutinar og løysingar.
Du held ro og oversikt når situasjonen endrar seg, og tilpassar prioriteringane etter behova i drifta. Du samarbeider godt på tvers av fagområde, lyttar til andre og kommuniserer ope og respektfullt.
Du forstår skiljet mellom koordinering og leiing. Du kan vere tydeleg i den daglege oppfølginga utan å ta over oppgåver eller avgjerder som ligg til einingsleiinga.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 33 jobber for helsesekretærer i Vestland de siste 90 dagene.
550 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 530 000 og 570 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 13 andre ledige jobber for helsesekretærer i Vestland nå, hos 13 arbeidsgivere. 5 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som driftskoordinator i 100% fast stilling ved nyoppretta legesenter knarvik i Alver?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 28 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 47 stillinger siden juli 2026.
www.alver.kommune.noOrg.nr 974551624
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 68e2ab0e-b1ea-45f2-82ec-e227c18255d1. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Alver kommune.
Stine Marøy Wolff
Assisterande einingsleiar
stine.maroy.wolff@alver.kommune.no