Vi søkjer ein dyktig og samarbeidsorientert kollega i arbeidet med å vareta Miljødirektoratet sine oppgåver innanfor fagområdet rovvilt, men også andre viltoppgåver. Arbeidet omfattar saksbehandling etter viltressurslova- og naturmangfaldlova og reglar til disse. Saksfeltet er spennande og har eit sterkt, fagleg fokus, og stor allmenn interesse. Erfaring og kompetanse med forvaltningspraksis på rovviltområdet er difor ønskeleg.
Stillinga ligg i viltseksjonen som er ein av seks seksjonar i Land- og friluftslivsavdelinga. Viltseksjonen arbeidar med forvaltningssaker knytt til naturmangfaldlova og viltressurslova. Arbeidsfeltet til seksjonen er allsidig og utfordrande, og inneber mykje kontakt med eksterne aktørar og formidlingsarbeid.
Seksjonen har 16 medarbeidarar og arbeidsstaden er på Brattøra i Trondheim.
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, telefon 952 31 575, e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no, eller fagdirektør Susanne Hanssen, telefon 907 42 738.
Oppgi referansenummer 57-2026 LVI når du tek kontakt.
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.
Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!
Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.