Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Kriminalomsorgen region vest har etablert eit nasjonalt sonings- og varetektstilbod for mindreårige ved Bjørgvin fengsel.
Bjørgvin fengsel Ungdomseining vest søkjar 3 fengselsbetjentar/miljøterapeuter til fast stilling snarast.
Stillinga inneber turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg.
Tilbodet byggjer på tett tverretatleg samarbeid med barnevern, psykisk helsevern, opplæringstenester og kommunale instansar. Målet er intensivt endringsarbeid slik at størst mogleg del av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel.
Som tilsett ved Ungdomseining Vest arbeider du tett med unge innsette under 18 år. Du skal bidra til tryggleik, struktur og målretta progresjon arbeid. Rolla inneber både tryggleiksfaglege oppgåver og relasjonsarbeid.
Du vil vere samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar. Arbeidet krev evne til tryggleikstenking, grensesetjing, konfliktløysing og motivasjonsarbeid.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptak ved KRUS. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar for miljøterapeuter som må beståast. https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html
Vi ser etter deg som:
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Stillinga er lønt som 1201 miljøterapeut med årslønn frå kr 540 000 til 685 000, avhengig av kvalifikasjonar. Eller som fengselsbetjent 0264 med årslønn pålydande, kr 515 000 - 645 000 pr år.
Gode tillegg for ubekvem arbeidstid. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn.
Våre verdiar er: Openheit, tryggleik og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Arne M. Hægland tlf. 55251284
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal
velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.