Vi har no ledig fast stilling som innsatsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved seksjon for vakt og beredskap i Ålesund.
Som innsatsleiar er du politiet sin øvste leiar på taktisk nivå og leier politiet sin innsats på eller ved staden der politiinnsats er nødvendig. Innsatsleiar skal koordinere innsatsen på staden mellom politiet og andre nødetatar (brann/helse), samt andre eksterne samarbeidspartnarar når dei opptrer saman i same oppdrag.
Innsatsleiar jobbar tredelt skift, på turnusliste. Vi søkjer deg med gode leiareigenskapar som har evne å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag og som skapar resultat i samhandling med andre.
Ålesund og Sunnnøre byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi oppmodar kvinner til å søkje på stillinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som evner å motivere og å leie oppdrag gjennom å vere ein god rollemodell. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum og medarbeidarane, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
For å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen here.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.