Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid søker helsefagarbeidar i Fosnavåg. Fast, deltid. Turnus. Søknadsfristen er 30. november 2026.
Skrevet av Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid
Ved Herøy omsorgssenter får du bruke kompetansen din til å skape tryggleik, trivsel og gode dagar for pasientane våre. Vi søkjer no to engasjerte helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på omsorg, samarbeid og kvalitet. Hos oss blir du ein viktig del av teamet på langtidsavdelinga. Saman arbeider vi for at pasientar skal få ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid
Vi har følgjande faste stillingar ledige:
Stillingane er for tida i langtidsavdelinga ved Herøy omsorgssenter.
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar, tidlegare raud og grøn seksjon. Vi skal sikre ei heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til pasientane våra, tverrfagleg samarbeid og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter. Stillingane er ledig frå 30. november 2026.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582
Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5209645935
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 30.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 75 jobber for helsefagarbeidere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 29 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Møre og Romsdal nå, hos 25 arbeidsgivere. 6 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som helsefagarbeidar i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som helsefagarbeidar i Herøy (møre Og Romsdal)?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 63387f3c-3a7f-4c8d-968b-8d3600e03026. Se den hos Nav
Frist
9 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid.
Cecilie Tarberg
Seksjonsleiar
+47 970 20 582