Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Er du ein engasjert og framtidsretta leiar som blir motivert av å byggje team, utvikle fagmiljø og skape tenester med høg kvalitet? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Boteneste Nordre har ei stor avdeling på Ørskog som gir tenester til personar med utviklingshemming. Avdelinga har vakse i omfang og skal no delast i to. I samband med dette søkjer vi etter ny avdelingsleiar.
Du får ei spennande moglegheit til å vere med heilt frå starten når vi etablerer eit nytt team på Hallvarmarka innan Tvungen Omsorg. Her får du ei sentral rolle i å byggje opp eit nytt fagmiljø, samstundes som du skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tenester og team.
Vi etablerer eit nytt team med 3:1-bemanning, samstundes som to eksisterande team med 2:1-bemanning skal vidareutviklast. Turnusen for det nye teamet med 3:1-bemanning vil vere ein kombinasjon av medleverturnus og langvakter.
I arbeidet får du eit tett samarbeid med St. Olavs hospital, Fagenheten for tvungen omsorg, som har det faglege ansvaret for 3:1-tiltaket og skal bidra med rettleiing av personalet. Dette gir deg som leiar ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle eit sterkt og kompetent fagmiljø rundt ei krevjande og viktig teneste.
Ålesund kommune arbeider etter rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS).
Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av persontilpassa tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet – og som ønskjer å omsetje desse verdiane til praksis i kvardagen.
Vil du vere med og byggje eit nytt team, utvikle fagmiljøet og setje retning for morgondagens tenester?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli inviterast til å gjennomføre evne- og personlighetstester.
gjennomfører slik vidareutdanning.
Silje F. Midthjell, Avdelingsleder, 951 47 889, Silje.Midthjell@alesund.kommune.no
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no
Steinholtvegen 9
6240 Ørskog
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5197699135
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.