Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
For oss betyr reinhald meir enn blanke golv – det handlar om tryggleik, trivsel og eit godt miljø for pasientar, tilsette og besøkande. Det vi gjer, har stor verdi.
Du får opplæring i smittevern, ergonomi og arbeidsmetodar, og du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land.
Vi jobbar tett saman, hjelper kvarandre og sørgjer for at sjukehuset er trygt og reint kvar dag.
Likar du fysisk arbeid og å gjere ein viktig jobb som betyr noko for mange? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Helse Fonna HF er i ei spennande teknologisk utvikling, og har i første omgang innført digital reinhaldsplan med nettbrett som verktøy for den einskilde reinhaldar. Stillinga er fast 40%, men det kan i periodar bli behov for meirarbeid.
👉 Klikk på søkeknappen – vi ser fram til å få deg med på laget!
Vi ser etter deg som:
Hos oss får du:
Bente Furrebøe, Avdelingsleiar, +47 53651097
Sjukehusvegen 10
5750 Odda
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5199603089
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.