Teknisk drift har ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale bygg, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avlaupsnett i kommunen. For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift - fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne, medan vaktmeistarar og reihaldarar møter/ arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen.
Kvalifikasjonar
Link til søknadsskjema:
Søk herLuster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575