Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027
Sengepostane våre:
Tilsetjingsperioden er åtte veker.
Opplys i søknaden:
Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile
døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen
psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.
PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.
DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø.
DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerheit, 975 22 519
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar akutt, 952 09 377
Ingunn Indrebø, Seksjonsleiar DPS allmenn, 478 90 705
Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS psykose, 993 78 985
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201299591
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.