Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Du treng ikkje kunne alt om bil for å lukkast som kunderådgjevar hos Toyota Norheimsund. Det viktigaste er at du likar menneske, trivst med ansvar og vert motivert av å skape gode kundeopplevingar.
Som kunderådgjevar vert du bindeleddet mellom kundane våre og verkstaden. Du følgjer kunden gjennom heile besøket, frå bilen vert levert inn til nøklane vert gjevne tilbake, og syter for god kommunikasjon og ei trygg oppleving undervegs.
Du får ein variert arbeidskvardag der kundekontakt vert kombinert med koordinering, sal, ansvar for delelageret og administrative oppgåver. Nokre dagar handlar det om å finne den beste løysinga for ein kunde, andre gonger om å sjå til at delane er på plass, følgje opp ei verkstadordre eller sikre at kunden veit kva som skjer med bilen.
Me ser etter deg som naturleg set kunden først. Du er flink til å lytte, forstå behov og finne løysingar, samstundes som du klarer å halde oversikta når det er mykje som skjer.
Du trivst med menneske og kommuniserer godt med ulike typar kundar. Samstundes har du interesse for bil og ei teknisk forståing som gjer at du raskt kan setje deg inn i behova og problemstillingane til kunden.
Erfaring frå bilbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du jobba med kundeservice, rådgjeving eller sal og kjenner deg att i rolla, vil me også gjerne høyre frå deg.
Hos Toyota Norheimsund vert du ein del av ein bilforhandlar i hjartet av Hardanger, der sal, verkstad, delar og dekk er samla under same tak. Gjennom samarbeidet vårt med Mekonomen er me òg fleirmerkeverkstad, og tek imot bilar av alle merke.
Du får jobbe med bilane til verdas største bilprodusent og vert ein del av eit fagmiljø der kvalitet, kontinuerleg forbetring og gode kundeopplevingar står sentralt. Me er stolte av å vere ein av Noregs beste Toyota-forhandlarar på kundetilfredsheit.
Hos oss får du mellom anna:
Toyota Norheimsund er ein del av Jæger Automobil AS og er Toyota-forhandlar i Hardanger. Frå anlegget vårt i Norheimsund tilbyr me mellom anna nye og brukte bilar, verkstadtenester, delar og tilbehøyr og dekkhotell. Gjennom Mekonomen tek me òg imot bilar av andre merke. Toyota har vore marknadsleiar i Kvam omtrent kvart år sidan oppstarten i 1994.
Jæger Automobil er ein del av Jægergruppen, den største bilforhandlaren på Vestlandet, og representerer Toyota, Lexus, BMW og MINI. Konsernet har over 250 tilsette og ei årleg omsetnad på 1,6 milliardar kroner.
Er du usikker, så søk likevel.