lærarutdanning
du må vera fleksibel
gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
fleksible arbeidstidsordningar
høve for trening i arbeidstida
Me ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herIdyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana.
Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det.
Ny barnehage opnar hausten 2027.
Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt.
Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk.
vikallar.no