Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer.
Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium.
Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat.
Geir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685
Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910
Storhaugvegen 130
5416 Stord
Arbeidsgiver: Leirvik AS
Referansenr.: 5184328864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026
Leirvik AS er ei moderne verksemd med nær 280 medarbeidarar, og eit sterkt fagmiljø. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.
Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.
Omstilling har alltid vore ein del av historia vår, og suksessen byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!