Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen.
Janne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.com
Storhaugvegen 130
5416 Stord
Arbeidsgiver: Leirvik AS
Referansenr.: 5189115162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026
Leirvik AS er ei moderne verksemd med nær 280 medarbeidarar, og eit sterkt fagmiljø. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.
Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.
Omstilling har alltid vore ein del av historia vår, og suksessen byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.