Vi søker no ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 80 % fast stilling, med arbeidsstad for tida ved Eggesbøtun.
Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.
Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen.
Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Margrethe Djupvik, Seksjonsleiar, 90797064
Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5194026926
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.