Vil du gjera ein forskjell?
Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får nytta den sjukepleiefaglege kompetansen din til å gjera ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og ROP-lidingar?
Svertingstad og Kolheia bufellesskap er ein del av verksemda Psykisk helse og rus i Time kommune. Bufellesskapa er organiserte som ei avdeling, med eit felles fagmiljø som samarbeider tett for å gje gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar som brenn for å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til dei me følgjer opp.
Bli ein del av laget vårt
Hos oss får du høve til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og vera med på å vidareutvikla tenestene til menneske med psykiske helse- og rusutfordringar.
Kvar arbeidsdag gir deg høve til å gjera ein reell forskjell i andre menneske sine liv. Me håpar du vil bli ein del av laget vårt!
Som sjukepleiar hos oss vil du ha varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna:
I nattstillinga vil du i tillegg ha eit sjølvstendig sjukepleiefagleg ansvar gjennom natta. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera:
Det er ein fordel om du har:
Nyutdanna sjukepleiarar vert òg oppmoda om å søkja.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Astrid Rosland, Avdelingsleder, 95915934
Arne Garborgs veg 30
4344 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5184526182
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 25.01.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.