Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig tre vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3).
Vikariata inngår i ein 10-delt vaktplan for LIS2.
I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som har behov for sideutdanning velkomne til å søkje.
Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS2-stillingar, 8 LIS3-stllingar og 8 LIS1-stillingar, og er godkjend for spesialisering innan:
Det er i tillegg søkt om vidare godkjenning innan generell indremedisin.
Akutt- og mottaksmedisin (AMM) er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde. Seksjonen har ei sentral rolle i styringa av pasientflyten i akuttmottaket og i oppfølginga av observasjonspost.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hildur Margret Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, (+47) 578 39 317
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5203041524
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.