UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet "Noreg og europeiseringa av finansmarknadsretten: Særtrekk og integrasjon". Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år.
Tematikken er knytt til rettsområda finansmarknadsrett og EU/EØS-rett. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge, Vest.
Forskingsprosjektet skal undersøke korleis europeiseringa av finansmarknadsreguleringa påverkar norsk bankverksemd. Sentralt i prosjektet står samspelet mellom EU/EØS-retten og norske rettslege og institusjonelle særtrekk. Eit viktig mål er å byggje opp ei grunnleggande finansrettsleg forståing som gjer det mogleg å følgje og forstå den dynamiske utviklinga i finansmarknadsretten. Prosjektet tek utgangspunkt i og kartlegg særtrekka ved norsk bankselskapsrett, der sparebankane si historie og særskilde rolle står sentralt (arbeidspakke 1). Vidare skal prosjektet utforske europeiseringa av finansmarknadsretten meir generelt (arbeidspakke 2), og den komande europeiseringa av insolvensretten som eit konkret døme på denne utviklinga (arbeidspakke 3).
Postdoktorprosjektet er knytt til arbeidspakke 1 som skal analysere den norske sparebankmodellen i eit nordisk og kontinental-europeisk perspektiv. Eit sentralt mål er å utvikle kunnskap om dei særlege utfordringane som europeiseringa av det rettslege rammeverket kan skape for norske forhold, og undersøke i kva grad løysingar utvikla i andre EU/EØS-land kan ha overføringsverdi til norsk rett. Analysen vil omfatte både sparebankar og forretningsbankar, og samanlikne korleis desse er regulerte i ulike europeiske land.
Ta kontakt med Ingrid.Muftuoglu@uib.no for å få tilsendt prosjektskissa.
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakterutskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Hans Fredrik Marthinussen (Hans.Marthinussen@uib.no )
Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkårkan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.