Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Sando barnehage legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
No har me eit 100 % vikariat ledig i Sando barnehage i perioden 01.01.27 - 31.12.27.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herÅl kommune har ein desentralisert barnehagestruktur med både små og litt større barnehagar. Sando barnehage er ein godt etablert to avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar vi å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek vi med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.