Indre Masfjorden barnehage søker etter ringevikarar.
Indre Masfjorden barnehage barnehage ligg i Matre i Masfjorden kommune. Har du godt humør og likar å vere aktiv i eit leikande miljø? Då ser vi fram til at du søker hos oss!
Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passar for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt.
Indre Masfjorden barnhage ligg i Matre. Vi har flotte skogs -og turområde i nærleiken som barnehagen nyttar seg av på turdagar.
Masfjorden kommune har 3 barnehagar: Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage. Alle tre er DUÅ-barnehagar.