No har du ei unik moglegheit til å bli ein del av miljøet som skal utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband. Frå vårt nye maritime kontrollsenter i Florø skal vi overvake og støtte drifta av fire nye, heilelektriske ferjer på Lavik–Oppedal. Vårt Kontrollsenter blir det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa.
Du kjem inn medan vi byggjer, testar og utviklar framtidas måte å drive ferje på.
Som maskinsjef blir du tett på både fartøya, teknologien og dei operative vurderingane. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av dei nye ferjene, og blir ein del av laget som skal forme korleis kontrollsenteret skal fungere i praksis. For å trivast hos oss bør du vere sjølvstendig, trygg i eigne vurderingar og komfortabel med å ta ansvar. Samtidig må du spele andre gode og kommunisere godt med skipsførar, mannskap og kollegaer i kontrollsenteret.
Du bør vere nysgjerrig på ny teknologi, trygg på digitale flater og ha lett for å setje deg inn i nye tekniske system og digitale verktøy.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, nysgjerrig på teknologi og autonomi, lærer raskt og blir trigga av moglegheita til å vere med og utvikle framtidas ferjedrift.
Frå sjøen til kontrollsenteret og tilbake.
I den første fasen vil du få ei sentral rolle i testing, innfasing og utvikling av fartøya og kontrollsenterfunksjonen. Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på og to veker av. På sikt vil stillinga inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret, kombinert med arbeid om bord på ferjene på Lavik–Oppedal. Det gir ein spennande kombinasjon av operativ sjøteneste og framtidsretta arbeid på land, samtidig som du held ved like den maritime kompetansen din, maritime sertifikat og sjømannspensjon.
Kontrollsenteret blir bemanna med både dekksoffiser/navigatør og maskinsjef. Du rapporterer til operativ leiar og samarbeider tett med ferjene, skipsførarane og andre sentrale driftsfunksjonar.
Søk og bli med på laget som skal ta verdas første autonome ferjesamband frå prosjekt til operativ kvardag.
Oppstart etter avtale.
Vi ser etter deg som blir motivert av ansvar, ny teknologi og nye utfordringar. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek initiativ og er trygg på å jobbe sjølvstendig og ta gode avgjerder. Samstundes har du god situasjonsforståing, held hovudet kaldt når det krevst og trivst med ansvar i ein operativ kvardag. Du kommuniserer tydeleg, spelar laget godt og ønskjer å utvikle deg i takt med teknologien.
Simen Reksten Solheim, Operativ leiar, 99533482, simen.solheim@fjord1.no
Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, +47 47330488
Strandavegen
6905 Florø
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5195571733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.