Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.
I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Kvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5189692693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.