Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Har du lyst å vere ein del av eit natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på institusjon?
I natt teamet jobbar det 4 tilsette saman kvar natt. Teamet bestend av to sjukepleiarar og to helsefagarbeider. Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar og liknande. To pleiarar handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering, tryggleiksalarmar og liknande, og ein jobbar i heildøgnsbemanna omsorgsbustader.
Stillingane er med arbeid tredje kvar helg. Heimetenesta har årsturnus som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og varierte. Ingen natt er lik.
Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er viktig for pasienten er visjon vi jobbar med.
Om du i tillegg er god på sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål så håper vi verkeleg at du søker hos oss.
Personleg eigenskapar tilleggast stor vekt.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Elisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302
Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5196953642
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.