Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi har ledige helgestillingar i Knarvik heimeteneste med arbeid kvar tredje helg. Avdelinga har årsturnus med arbeid dag og kveld. Vi søker deg med helsefagleg bakgrunn som trivst med varierte arbeidsoppgåver. Du er oppteken av å gi brukarane våre god og trygg helsehjelp.
I heimetenesta vil du få arbeide bredt innanfor fagfeltet. Du vil yte tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen vil variere ut frå behovet til brukarane, og du vil oppleve stor grad av fagleg utvikling. Tenestene vert gjort etter vedtak, og du vil følgje ei arbeidsliste og nokre av oppgåvene vil være:
Knarvik heimeteneste har base sentralt i Knarvik. I vår avdeling er vi opptekne av å ta vare på kvarandre. Vi har faget i fokus og vårt felles mål er å levere omsorg av høg kvalitet. Vårt team består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, driftskoordinator, fagsjukepleiar, assistentar, lærlingar og studentar. På dag/kveld gir vi tenester til brukarar som bur sentralt i Knarvik området. På natt får brukarane våre tenester av eigne nattevakter i nattpatruljen.
Fleksibel og løysningsorientert
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSom medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet.
Gjennom «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar vi målet om å gje «rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, og Frekhaug.