Vil du bli vår nye kollega?
Vi søkar deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hjå oss får du spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivast du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum? Då er du den vi ser etter. Då er er du velkomen til å søke!
Vi har ledig følgjande stillingar med p.t turnus dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent og stillingstype verte ledig. Oppgi gjerne i søknaden kva stilling som er aktuell for deg.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund.
Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for augeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp.
Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Les meir om Ålesund og omland her.
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no
Geilebergvegen 18
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5171304403
Stillingsprosent: 80, 50, 66, 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.10.2026