Personar dømd for seksuallovbrot utgjer ein vaksande andel av dei innsette i norske fengsel. Eit viktig satsingsområde for kriminalomsorga er å redusere risikoen for nye lovbrot. Sentralt i denne jobben er arbeid gjennom program.
Vi søkjer fengselsbetjent til program for personar dømd for seksuallovbrot.
Den vi søkjer bør ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein rollemodell og rettleiar for dei innsette. Ein må og ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.
Du vil samarbeide med psykologar frå Helse- Bergen som er tilknytta programmet, og ein rådgjevar tilsvarande stilling
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde
evne til å gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
Opplæring i gjeldande metode vil bli gitt dersom søkjar ikkje har dette.
Stillinga blir lønt som 0264 fengselsbetjent årslønn 500 000 - 630 000, - avhengig av kompetanse og ansiennitet.
Ved særleg høg kompetanse kan høgare løn vurderast
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666 / mobil 99642258
sprøsmål ang. søknad og CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her.
Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Kvinner og menn kan sone her. Fengslet har fokus på individuell oppfølging av innsette og tverrfagleg samspel.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.