Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?
Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver?
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.
Ved å velje BUAS får du:
💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.
💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov
💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling
💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling
💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Bli ein del av laget vårt! 💙
Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.
Tilsetting kan skje fortløpande.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5193009184
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!